Mykje å oppdatere :)

I slutten av mai, var eg på ein kjempe fin tur til Barcelona saman med verdens beste 🙂 20130918-103410.jpg

20130918-090208.jpg

20130918-090300.jpg

I juni gjekk turen til vakre Tjøme, på hytta til Ninne. Her var vi 5 strikkeglade damer samla nokre fantastisk flotte dagar. Eg og Ninne starta dagane med eit bad i sjøen, med 12 grader får ein vel seie at det var frisk start på dagen. Vi kosa oss med strikketøy, skravling, god mat og drikke.

20130918-090715.jpg

20130918-090810.jpg

20130918-090848.jpg

20130918-090909.jpg Så gjekk turen til Mallorca saman med mi kjære Ida ❤ her hadde vi ei veke med sol og avslapping.

20130918-091820.jpg

20130918-091912.jpg

20130918-091944.jpg

20130918-092004.jpg

20130918-092048.jpg

20130918-092133.jpg

20130918-092154.jpg

20130918-092215.jpg

20130918-092237.jpg Ein tur til Kristina i Trondheim.

20130918-092340.jpg

20130918-092406.jpg

20130918-092427.jpg Heim et par dagar.

20130918-092541.jpg Strikke litt..

20130918-092616.jpg

20130918-092630.jpg Ut på tur igjenn, denne gangen til Nice saman med Ida ❤

20130918-092823.jpg

20130918-092853.jpg

20130918-092917.jpg

20130918-092954.jpg

20130918-093102.jpg

20130918-092747.jpg

20130918-093217.jpg Vi tok også ein tur til Monaco, Montecarlo.

20130918-093347.jpg

20130918-093417.jpg

20130918-093449.jpg Ein tur til Førde måtte eg sjølvsagt også.

20130918-093648.jpg Ein liten rundtur via Geiranger, Åndalsnes og Molde. Overnatta på Rica seilet 🙂

20130918-093849.jpg

20130918-093911.jpg

20130918-093935.jpg Årets Strikk i Ørska hadde i år 5 års jubileum. Ei kjempe kjekke helg 🙂

20130918-094100.jpg

20130918-094210.jpg

20130918-094427.jpg Heime nokre dagar, så gjekk turen til Stavanger og kjærestehelg. Vi reiste til Gøteborg ❤

20130918-094601.jpg

20130918-094609.jpg Fann sjølsagt ein garnbutikk og fikk snopa litt.

20130918-095143.jpg

20130918-095237.jpg

20130918-095309.jpg Ein liten spasertur på Solastrand, før eg flaug heim.

20130918-095415.jpg Ida og Johan var her i helga, og eg vart møtt med roser på bordet og nysnø i fjella.

20130918-095608.jpg

20130918-095617.jpg Det var sommaren 2013 kort fortalt 🙂 Og det som har blitt strikka i sommar er 2 Orionsbelte i Kauni. Har ikkje strikka kanten rundt enda.

20130918-100809.jpg

20130918-100841.jpg

20130918-102757.jpg

20130918-103708.jpg

Published in: on september 18, 2013 at 10:04  Comments (2)  
Tags: ,

Dukkekle til Krisesentera.

Ein formiddag møttast nokre damer oppe hjå Lill for å byrje å strikke dukkekle til Krisesentera. Eg har strikka ein kjole, synes den vart litt søt da.

IMG_0861

Ivrige dukkeklestrikkedamer, Linda, Wenke og Lill.

IMG_0856

IMG_0857

IMG_0858

Published in: on mars 1, 2012 at 10:58  Comments (1)  

Strikk i Ørska 2011

Endelig var tida koma for årets store happening. Eit heilt år sidan sist no..

Eg og Lill starta turen allereie på onsdag. På turen til Ørska var vi innom Vatne, der vi var på Trådsnella. Ein kjempe koselig garnbutikk, med kjempe hyggelig betjening.

Eg måtte sjølvsagt snope litt garn, så desse 4 nøsta vart med vidare i bagasjen.

IMG_0683

Såg no også dette nettet, som eg fikk Smilefjes

IMG_0675

Treffet starta ikkje før torsdag 8. sept, men det er greit å byrje ein dag før så vi får ordne lokala.

Her er Lill i full sving med å dele ut Give Aways fra Du store Alpakka.

IMG_0620

I posane fikk vi dette:

IMG_0667

Fra Gjestal fikk vi garn og mønster på ei lue. Det vart strikka nokre luer i løpet av helga.

IMG_0666

Litt seinare på kvelden kom endelig verdens beste Kristina og Kari kjøyrandes fra Trondheim.

IMG_0623 

Flinke Wenche hadde brodert kjempe fine navnskilt til alle Smilefjes

IMG_0674

Så var den store dagen her, og folket byrja å strøyme på. Eg og Kristina tok ein tur til Ålesund og NRK. Vi var invitert til intervju på lokalsendinga av Jannike Farstad. Skulle egentlig på direktesending, men grunna riving av masta på Vigra vart det eit opptak.

Opptaket kan du høyre her.

IMG_0624

IMG_0625

IMG_0627

Kristina fikk besøk av datter og barnebarn som bur ikkje så langt ifra Ørskogfjellet. Sjå denne flotte mormora med sitt nydelige lisje nurk ❤

IMG_0628_edited-1

Så kjem her litt bilder fra treffet.

IMG_0631

IMG_0632

IMG_0633

IMG_0635

Vi fikk besøk fra Rauma Ullvare av ei kjempe koselig dame som heiter Britt. Ho hadde med nye modellar og brosjyrer fra Rauma.

Her var også ei “manequeen” oppvisning, eg var som vanlig på fjelltur når det var moteoppvisning, så eg kan desverre ikkje vise bilder fra den….

IMG_0637

IMG_0638

Fra Gjestal kom Monika Gulliksen i år også. Ho hadde med nye modellar, også ho hadde “manequeen” oppvisning. Fikk heller ikkje med meg denne, da eg sjølvsagt fortsatt var på fjelltur…

IMG_0651

Og i år som i fjor og året før der, var kjære Kristin svært glad for å verte tatt bilde av ❤

IMG_0639

Full konsentrasjon…

IMG_0640

IMG_0641

Søte koselige snille blide kjære Ninne Smilefjes (vi tok bilde samstundes av kvarandre).

IMG_0642

IMG_0644

Flotte strikketøyvesker og pinnemapper laga av Anne Lene, Nena.

IMG_0645

Og denne vart med meg heim.

IMG_0670

Jugend Hobby fra Ålesund, hadde stand med mange gode tilbod.

IMG_0646

Lappestua på Moa, ved Line hadde ein kjempe fin stand med mange flotte tilbud og ymse garnmerker. Eg har ikkje fått med bilde av den…

Her er gevinstbordet, heilt utrulig fantastisk flott kva vi har klart å få til. Pengane fra lotteriet går direkte til Krisesentera i Ålesund og Molde. I år toppa vi statestikken og selde 25 blokker med lodd  Smilefjes Jabbadabbaduuuuu…..

IMG_0647

IMG_0648

Laurdagskvelden har vi koldtbord, vi pyntar oss litt og kosar oss med god mat og hyggelig selskap ❤

IMG_0652

IMG_0653

IMG_0654

IMG_0655

IMG_0662

Vi er kjempe heldige som har verdens beste vertskap på Fjellstova. Skal leite lenge etter maken!!!

IMG_0664

IMG_0630

Dette vart med heim av garn:

Eskimo til jakke

IMG_0669

BabyAlpakka til det Royalesjal.

IMG_0671

Nepal til Uglegenser.

IMG_0679

Fin til ein babygenser.

IMG_0681

Alpakka Silk til eit par Trollmor fra boka mi.

IMG_0676

Lace til sjal.

IMG_0677

Vi fikk eit nøste garn fra Rauma som skal verte noko til neste års prosjekt, dukkeklede.

IMG_0678

Verdens beste Kristina hadde med ei gave til meg, tusen takk vennen min ❤

IMG_0684

Tusen takk til alle som gjorde denne helga så fantastisk kjekk som den vart. Gleder meg til vi treffast att om eit år, samme tid og samme sted ❤

Published in: on september 12, 2011 at 12:18  Comments (6)  

Strikk i Ørska 2010.

Endelig så kunne vi samlast til Strikk i Ørska på Ørskogfjellet helga 9.- 12. september. Vi vart totalt ca 60 damer, rusta med pinner og garn for ei sosial, kreativ og kjekke helg.

image

Desse bilda er lånt av Helene Henriksen, som også har skrive avisartikkelen.

HER er avisartikkelen frå helga.

Her kjem nokre bilder fra mitt kamera.

IMG_0157

IMG_0168

 Monika Gulliksen fra Gjestal kom og viste dei siste modellane deira.

IMG_0186

Vi har lotteri til inntekt til Krisentera i Ålesund og Molde. Her er gevinstbordet, fantastisk mykje flott. Pengane går uavkorta til dei, og vi har fått eit rørandes og koselig takkekort frå Molde.

IMG_0187 

IMG_0239

IMG_0240

IMG_0241No har nedtellinga til neste års treff starta, og vi gler oss kjempe mykje. Tilslutt eit bilde av bestastebestevenn, gler meg til vi møtast att!

IMG_0166

Published in: on oktober 18, 2010 at 11:02  Comments (5)  

KIP.

I går 12.juni, arrangerte vi KIP i Garnkroken. Vi skulle egentlig sitte ute å strikke, men grunna været satt vi inne. Vi var ca 10 damer som hadde ei kjekke stund i lag, med pinner og garn. Takk for at dokke var med å laga nok ein kjekke dag i Garnkroken. Setter umåtelig stor pris på dokke!

P1020505P1020506

Published in: on juni 13, 2010 at 11:29  Comments (2)  

Ei lita oppdatering.

Ja kjære bloggvenner, eg er her fortsatt. Men mykje har skjedd den siste tida. Som kjent har eg gjeve ut ei sokkestrikkebok, og no er eg i oppstartfasen med Garnkroken. Eg har sagt opp jobben min som styrar i barnehage (har eit 70% vikariat i år) og startar garnbutikk i Ørsta 17 oktober 2009. Dette er ein draum eg har hatt i mange år, og no vert den realisert.

Helga 18.- 20. september, arrangerte vi Strikk i Ørska. Ein knall suksess som vert reprise på neste år.

Strikkesamling på fjellet.

image

Kristin Helene Ødegård, Ellinor «Ronille» Kvammen, Kristina «Trollmor» Fremstad og Wenche «Wencha» Hovde Otlo stod bak strikketreffet på Ørskogfjellet.

Artikkelen er skrive av Helene Henriksen.

Enkelte tar hobbyen sin til nye høgder. Som damene som reiser over halve landet, for å sitje ei heil helg på Ørskogfjellet og strikke, saman med gode nett-venner.

Somme vil hevde at våre gamle handverkstradisjonar er i ferd med å gå i gløymeboka. Samstundes er det i dag lettare enn nokon gong for personar med «smale» interesser å komme i kontakt med likesinna. Oppblomstringa av handarbeidsforum og strikkebloggar på nettet gjer at online-kontakt erstattar
den gode gamle handarbeidsforeninga.
Men av og til er det kjekt å treffast ansikt til ansikt og.

Ei av dei ivrige nett-strikkarane er Kristin Helene Ødegård frå Tresfjord. Med eigen strikkeblogg, mange nett-venner og ei strikkeinteresse noko over gjennomsnittet har ho også deltatt på samlingar for dei strikkefrelste.
Ønsket om eit lokalt treff dukka opp, og saman med tre andre strikke-bloggarar frå fylket vårt

– Vi har delteke på liknande treff andre stader i landet, og hadde veldig lyst til å få til noko her i fylket, fortel Kristin Helene, Wencha, Trollmor og Ronille, som er arrangørane sine nett-nick.
Deltakarane har komme med fly, tog og buss frå dei fleste kantar av landet, frå Rogaland i sør til Trøndelag i nord. I overkant av 50 damer i alderen 20-60
har brukt ei heil finevershelg til å sitje inne på Fjellstova og strikke. Innimellom omgangane har det visst blitt nokre fjellturar også.
– Ikkje alle har vore på denne kanten av landet før, og er veldig imponert over landskapet her. Fjellet er jo kjempefint på denne tida av året, seier arrangørane.

Fine fargar var det også innandørs, der heile seks butikkar hadde tatt med seg utval i garn og stoff for å freiste deltakarane.
– I staden for å arrangere utflukter til butikkane har vi invitert dei hit, fortel arrangørane.
– Heile helga har det vore strikking, kos og sosialt samvær.
Vi har kosa oss veldig i lag, og det er kjekt å treffe personar som ein berre har møtt på nettet tidlegare.
Men med så mange strikkedamer på ein plass er nok det beste mønsteret ein rett, ein rett, ein rett, spøker arrangørane.

– Vi blitt veldig godt tatt vare på av vertsskapet på Fjellstova. Maten er kjempegod, og dei har stått på pinne for oss heile helga, seier dei fire initiativtakarane.
Og det nederlandske vertsskapet fekk ei ekstra helsing frå dei fornøgde strikkarane. I løpet av helga produserte dei nemlig også to par heimestrikka sokkar, der alle deltakarane var med å strikke nokre omgangar.
Dei har allereie planer om å gjenta suksessen neste år.
Samlinga hadde fått det treffande namnet «Strikk i Ørska», og dei
fleste deltakarane var rekrutterte frå forumet «Hobbyboden».

image

Har ein tidlegare kollega som har termin i desse dager, og eg har strikka litt ymse til ho. Baby bootisane er fra boka mi, Mauds Hjerte.

P1020250

P1020251

P1020225

I sommar var eg og mamma ei veke i Tyrkia, Side. Vi hadde det kjempe flott på alle måtar, men angra bittert på at vi ikkje tok 2 veker, for det har stort sett regna sidan vi kom heim.

P1010911

P1010989

P1020037

Published in: on oktober 2, 2009 at 9:38  Comments (15)  

Raumatur.

I går var vi på Raumatur. Ca 10 HB damer i garnhimmelen. Eg har ikkje tatt bilder på Rauma, for det gløymte eg i alt “kaoset” i gjensynet med hobbydamene.

Eg handla ikkje så mykje denne gangen, men litt vart med heim da… Kjøpte også en pose full av bomullsgarn til damene i Husflidslaget. Tilsammen så klarte vi å få med oss ca 20 kilo garn.

Eg kjøpte litt Vamsegarn til Hyllehøner og litt garn til små prosjekt.

Fann denne boka også, som eg måtte kjøpe.

Etterpå hadde Kristin Helene og Anita laga til på Gildheim med nydelig salat, rundstykke og kaffi. Kake hadde Anita K laga. Her kosa vi oss og vi hadde ein fantastisk kjekke dag i lag.

Dei hadde ordna til eit lotteri, og eg vann desse nusselige søte baby bootisane og eit nøste OnLine.

Tusen takk for ein kjempe kjekke dag damer. Gleda meg til neste treff.

Published in: on mars 15, 2009 at 11:42  Comments (12)  

Strikketreff og innkjøp.

I dag har vi vore på Lappestua på Strikketreff. Det var kjempe kjekt å treffe att damene. Det vart også tid til litt shopping. På Moa kjøpte eg meg nye leiker, Quick Knit. Dette anser eg mest som ei leike ja, men kan verte artigt å prøve.

På Lappestua kjøpte eg både garn og stoff. Med andre ord ein perfekt dag 🙂

På dette bilde ser vi Aria, Kristin Helene, Malva og Fru Dart (med ryggen til).

Her er Trollmor og Tove Lisbeth.

Kristin Helene og Aria.

Nærmast til venstre, Elligo.

Ojsann, sjekk stoff mannekengen.

Barbro, Tove Lisbeth og Wencha.

Fru Dart og Quilte Line.

Published in: on januar 24, 2009 at 21:10  Comments (17)  

Ronille klutar.

Har strikka 2 klutar som skal sendast nordover til Stubbehufsa. Ho vart nr 140 000 besøkande i bloggen min 🙂 Dei er strikka i Rapsodi på pinne nr 4.

Published in: on januar 22, 2009 at 21:14  Comments (5)  

Strikketreff på Lappestua.

I dag har vi vore på Lappestua på strikketreff. Kjempe koselig å treffe damene igjen. Timane fauk avgårde, slik som dei bruker når man har det kjekt. Trollmor hadde også tatt turen fra Molde, og det var utrulig kjekt å treffe deg att.

Her er Anlen og Elligo. Wencha, Fru.Dart og Malva var også på treffet, men eg har ikkje klart å få dei med på bilde.

Aria, Barbro og Trollmor.

Her har vi forfatterinnen Unni, med den kjempe flotte boka ho har gitt ut, og som eg sjølvsagt har kjøpt. Quilte Line i lilla og Guri(?).

Her er boka som eg kjøpte av Unni.

Så måtte eg da ha litt stoff.

Og litt garn vart også med heim.

Og til slutt måtte eg ha meg eit nytt målband, og dette var da så stili.

 

Har også fått pakke fra Sokkegarnklubben i dag. 2 nøster nydelig Lana Crossa og 2 nøster Mayflower.

 

Published in: on september 20, 2008 at 18:16  Comments (18)