Selbuvottar.

Har strikka eit par Selbuvottar i rein ull på pinne nr 3,5.

20120809-090508.jpg

Published in: on august 9, 2012 at 9:02  Comments (2)  

Trollmor strømper.

Kristina hadde nokre nøster Austermann Alpaca Silk som eg fikk og har no strikka 2 par Trollmor strømper fra boka mi Mauds Hjerte som ho skal få.

20120809-075649.jpg

Published in: on august 9, 2012 at 7:54  Comments (2)  

Ka’ana Shawlette.

Ferdig med sjalet eg byrja på når eg var i Trondheim på besøk hos Kristina. Strikka på pinne 4.5 i Alpakka fra DSA, veit ikkje heilt kva men fra ein spole Kristina hadde. Blokking gjenstår.

20120718-081054.jpg

Published in: on juli 18, 2012 at 8:10  Legg igjen en kommentar  

Arleen.

Ferdig med Arleen, strikka i Cascade på pinne 4,5.

20120701-123555.jpg

20120701-123604.jpg

20120701-123700.jpg

Published in: on juli 1, 2012 at 12:31  Comments (4)  

Ei lita oppdatering.

På strikkefronten held eg på med litt ymse samstundes som vanlig. Kjolen Cecilia har eg no kome halvvegs på. Etter å ha rekt opp eit par gongar, det viste seg at den er ganske stor i størrelsen og eg må ha small.

IMG_0411

IMG_0414

IMG_0415

Så held eg på å samstrikke med Ninne, og Ninne er ferdig.

IMG_0401

IMG_0410

Etter at eg slutta å røyke 1. mars 2012, har formen stadig vore stigandes, og det er kjekt å ta seg små fjellturar i nærområde.

2. pinsedag, reiste vi ein tur ut på Sandsøya, gjekk på ein liten fjelltopp, med enorm flott utsikt.

IMG_0944

Her er det utsikt mot Runde.

IMG_0945

Utsikt mot Stadt.

IMG_0953

IMG_0947

IMG_0964

Har hatt Ida heime nokre dagar .også, da tok vi turen til Lidaveten.

IMG_0220

IMG_0217

Så var eg ein tur på Helgehornet.

IMG_0224

Lidaveten sett fra Helgehornet.

IMG_0225

På fredag var PikeneMedStrikkepinnePinnane påmeldt Jentebølgen. Over 500 damer var påmeldt, kjekt.

Torill gjekk raskt opp i ledelsen Smilefjes

IMG_0235

Her er Pikene i mål, takker for turen Piker, ditte var kjekt.

IMG_0239

WWKIP 9.juni deltok eg på mitt vis. Fann meg ein fjelltopp og strikka der. Kom tilfeldigvis ein kar gåandes og der sat eg å strikka. Han syns sikkert eg var kjempe rar, men ville gjerne ta bilde av meg.

IMG_0974

IMG_0972

IMG_0971

IMG_0969

Mauds Hjerte har fått eiga side på Facebook, her er du hjartans velkommen inn om du vil Smilefjes

Mauds Hjerte på Facebook.

Published in: on juni 10, 2012 at 10:21  Legg igjen en kommentar  

O garnlykke.

Går ei kjekke nattevaktshelg i møte saman med nytt garn og oppskrift.

20120601-084531.jpg

Published in: on juni 1, 2012 at 8:44  Comments (4)  

Nok eit par Selbuvottar.

Nok eit par Selbuvottar i varmen. Skal ha 4 par i gave til hausten, og er no komen halvvegs.

20120526-183806.jpg

Published in: on mai 26, 2012 at 18:34  Legg igjen en kommentar  

Eit par votta i varmen.

Sommaren har kome til Sunnmøre, men her skiftar det fort så det er alltid lurt å strikke lesta og Selbuvottar. Samstrikken med Ninne vart litt meir komplisert enn først antatt, men når eg får kome meg ut av nattevaktmodus skal dei nok til pers!

20120523-112835.jpg

20120523-113006.jpg

Published in: on mai 23, 2012 at 11:28  Comments (2)  

Trollmor, Dotties og Det Royale teppet.

Trollmorsokker strikka i Alpaca Silk, fra Austermann, på pinne nr 3,5. Oppskrifta er fra boka mi, Mauds Hjerte ❤

IMG_0937

Så har eg strikka ferdig eit par Dotties, byrja på dei for ei stund sida, så det var på tide å få dei ferdig. Strikka på pinne nr 3 i Silja.

IMG_0938

Dette teppet har vore nesten ferdig ei stund, men fikk eit nøste for lite, og samme partiet var ikkje å oppdrive. Hadde eit nøste med eit anna partinummer som eg brukte, kan heldigvis ikkje sjå noko fargeforskjell.

Teppet er det 4. eg har strikka, og skal på “kistebotnen”. Det er ikkje blokka.

IMG_0940

Published in: on mai 15, 2012 at 7:39  Comments (1)  

Tynne lesta.

Har strikka eit par tynne lestar i Schoppel Wolle, Crazy Zauerball på pinne nr 3.

Eg la opp 60 maskar og strikka 1 rett, 1 vrang i ca 4 cm, så strikka eg 1 omg 1 rett, 1 vrang, neste omg strikka eg 3 rett, 3 vrang osv.

På helkappa tok eg enden av nøstet og strikka med 2 trådar, 1 rett fra nøstet og neste rett fra enden av nøstet, helen vart dobbel og sterk.

IMG_0936

Published in: on mai 6, 2012 at 11:30  Legg igjen en kommentar