Strikketøyveska mi er ferdig.

Har sydd meg veske til strikketøyet mitt. Følgde ikkje heilt oppskrifta, men litt modifisering, og eg er fornøgd.

IMG_0536

IMG_0535

Reklamer
Published in: on juni 24, 2011 at 20:58  Comments (1)  

Juleløpar og Selbuvottar.

Har strikka eit par selbuvottar i førjulsgave til ein som manglar vottar. Dei er strikka i Karisma og PtPetter. Tjukke, varme og gode.

IMG_0325

Sydd løpar frå siste Quiltemagasinet. Har aldri laga blokker før, og heller ikkje sydd saman på denne måten. Jauda, litt skakt og gale, men pysj den duger på mitt kjøkenbord nokre dagar i jula.

IMG_0324

Published in: on desember 9, 2010 at 12:42  Comments (7)  

Sying av veske og sekk.

No har eg sydd ei veske og ein sekk som er ei bestilling. Eg er slett ikkje så flink til dette, men eg er fornøgd med resultatet. Har fått god hjelp til veska HER

IMG_0578Sekken er “Gull frå Gråstein”, har brukt gamle dongeribukser. Har trøbla mykje med denne, da den er ganske tjukk i saumane og Janome maskina mi gir beskjed om det heile tida…. No er det berre litt finpuss att so er den ferdig 🙂

IMG_0579

Published in: on august 1, 2010 at 19:01  Comments (6)  

Ei søt lita veske…

P1020509

I går sydde eg denne vesle veska til ei kjempe kjekke dame eg har fått lov å verte kjend med.

Published in: on juni 14, 2010 at 19:39  Comments (1)  

Ei lita oppmerksomheit.

Fikk eit alldelels nydelig kort fra Karla, som ho har laga sjøl. Og som mange veit så samlar eg på sauder i ymse fasongar og variantar, fikk også ein sau frå ho 🙂 Tusen takk vennen, eg vart kjempe glad.

P1020507P1020508

Så har eg sydd ei Strikketøymappe til.   Denne skulle Lill ha, og ho hadde stoffet sjølv.

P1020498

Published in: on juni 13, 2010 at 11:50  Comments (1)  

Sykveld.

I kveld har eg og Linda kosa oss med symaskina og laga strikketøymapper. Det gjekk merkelig nok heilt smertefritt føre seg, og vi vart kjempe fornøgde med resultatet 🙂 Den til venstre har eg laga, og den skal leverast til sin nye eigar i morga.

P1020465

Published in: on mai 31, 2010 at 22:39  Comments (3)  

Litt sying.

I dag fikk eg lyst å sy litt, og eg har no sydd denne vesle sminkepungen. Med god hjelp fra denne linken HER, kom eg i mål.

P1020459

P1020457

Etter den første sminkepungen, laga eg ein til.

P1020463 

Så har eg laga ei lita veske, er ikkje noke flink til å sy sammen mange striper, så denne er litt skakk og skeiv. Men moro var det lell 🙂

P1020460P1020462P1020461

Published in: on mai 24, 2010 at 11:42  Comments (6)  

Ei lita oppdatering.

No er eg ferdig med ein Mariusgensar til. Denne gang i lyseblått, offwhite og lysgrå, strikka i Superwash Sport fra Gjestal på pinne 3 1/2 og 4.

P1020403

Eg har strikka 2 Påskeharar i Cortina, syns dei vart litt søte. Oppskrifta har eg funne her.

Før og

P1020399

etter toving.

P1020404

Klutar hadde eg egentlig bestemt meg for ikkje å strikke på ei stund, men det har vorte 2 stk og ein til er på pinnane. Greit å ty til inni mellom.

P1020408

I dag har eg ferdigstilt Hekseliv- duken min, sydd lukkekant og brodert ansikt. Manglar fortsatt litt applikering, men det får verte til ein annan gong. Duken har kome på bordet og eg synes den er kjempe fin.

P1020406

P1020407

No held eg på å strikke Kalvågjakka. Kjempe fin jakke i nydelige fargar.

P1020409

Ynskjer alle ei God Påske, med eller utan handarbeid, eg har mange planar og prosjekt på gang.

Published in: on mars 28, 2010 at 18:24  Comments (11)  

Ei lita oppdatering.

I det siste har eg prøvd å få sydd litt, men ikkje noke stas å sitte ved symaskina med kranglete rygg. Fikk ferdig Sheep Siesta i går, så manglar eg litt på Jula varer helt til Påske. Held no på med lukkekanten, så mangler det litt applikering rundt egga og ansikta.

Eg har leita opp ein ufo som eg begynte på for ca 1 år sida, Raspberry Chevron Afghan teppe til Lisje Snuppa. Får sjå kor mykje eg gidd å strikke før eg vert lei att.

Published in: on mars 5, 2009 at 9:43  Comments (21)  

Sheep Siesta.

Kjøpte stoff og mønster til denne duken på Syskrinet i Molde. Måtte selfølgelig ha ein duk med sauer på. Fikk for lite stoff til ramma rundt, men laga nokre firkantar i hjørna.

Published in: on mars 4, 2009 at 13:34  Comments (10)