Jula varer helt til påske.

Har holdt på med denne påskeduken nokre dagar. I dag fikk eg limt på figurane og den er no klar for å quiltast (dersom det heiter det når en syr rundt figurane..). Er ikkje så flink til dette, men pysj pytt, godt nok for meg.

Published in: on februar 1, 2009 at 15:54  Comments (28)  

Strikketreff og innkjøp.

I dag har vi vore på Lappestua på Strikketreff. Det var kjempe kjekt å treffe att damene. Det vart også tid til litt shopping. På Moa kjøpte eg meg nye leiker, Quick Knit. Dette anser eg mest som ei leike ja, men kan verte artigt å prøve.

På Lappestua kjøpte eg både garn og stoff. Med andre ord ein perfekt dag 🙂

På dette bilde ser vi Aria, Kristin Helene, Malva og Fru Dart (med ryggen til).

Her er Trollmor og Tove Lisbeth.

Kristin Helene og Aria.

Nærmast til venstre, Elligo.

Ojsann, sjekk stoff mannekengen.

Barbro, Tove Lisbeth og Wencha.

Fru Dart og Quilte Line.

Published in: on januar 24, 2009 at 21:10  Comments (17)  

Gave til pappa.

Hadde lyst til å sy serviettholder til, da den første eg sydde var litt romslig. Inspirert av Ruth@ på HB, vart dette ei gave til pappa. Har hatt papir til å printe og stryke på stoff ei stund, men har ikkje prøvd det før i dag.

Published in: on november 9, 2008 at 14:38  Comments (5)  

Sydag.

I dag starta eg og Kari ( Aria på HB) med friskt mot, med stoff og symaskin. Det viste seg at ingen av oss egentlig ikkje var noken ekspert på dette området. Dagen gjekk med blod, svette og tårer (lattertårer) Krokanis, Kokosbolle, kaffi og Troika. Vi trøbla og fikk tilslutt laga kvar sin sminkepung, og eg fikk sydd ein serviettboks omslag. Jauda, vi har hatt det kjempe gøy, har tatt opp mange sømmer, sydd feil, ødelagt glidelås etc. men konstanterte at det var dette vi lærte av.

Her er sminkepungane våre, den mørkaste er min.

Serviettholdaren, (måtte ha konsulenthjelp pr. tlf av Trollmor for å få det til..).

Published in: on november 7, 2008 at 17:12  Comments (18)  

Oppdatering.

Eg annonserte at eg hadde planer om å sy litt i helga, men planer er gode å ha uten å alltid å måtte gjennomføre dei…

Slik gjekk det med sy-planane mine…

Lappeteppet vokser sakte men sikkert, no har eg 119 ruter.

Så har eg begynt på en genser til meg sjøl. Strikka i Rauma Finull.

Published in: on august 31, 2008 at 19:38  Comments (4)  

Duken Bente fra AnnAKa.

Tadaaa, ferdig med duken. Kjøpte stoff og mønster på Lappestua, takk til Kadeto som hjalp meg. Eg har brukt litt tid på denne, for her var litt pirk med dei snorene. Torillvh skaffa meg vannoppløselig plast, til å ha opp på snorene når dei krusedullane skulle syast, tusen takk Torill. Uten denne plasten hadde eg aldri fått det til. Eg sikka over dei og stilkane med Sulky tråd. Blomsten vart kanskje litt for lik bakgrunnstoffet…. Eg er ivertfall egentlig kjempe fornøgd 🙂

 

Published in: on april 15, 2008 at 19:23  Comments (15)  

Har sydd litt. Some sewing.

Eg har sydd eit par vesker. Det storblomstrete stoffet har eg kjøpt på Jysk til 10 kr pr meter,syns det var friskt og fint. Så har eg sydd ei strikketøymappe à la Felisi, denne er med platevatt mellom stoffa.

Published in: on april 13, 2008 at 19:49  Comments (11)  

Har sydd en liten pung.

No har eg testa maskina og lært litt korleis den virkar. Og mitt første sy-prosjekt, vart en liten pung med glidelås. Det gjekk som en drøm å sy, sjølv om eg ikkje er så flink enda,  skal eg nok få mykje glede av symaskina mi framover. Angrar ikkje et sekund på denne invisteringa.

I have tested my new sewing machine.

Published in: on april 4, 2008 at 11:08  Comments (19)  

Ny symaskin. New sewingmachine.

Jesss, no har dette vesle vidunderet av ei symaskin flytta inn til meg. Ei Janome Jubilee 85. Bestilte den i går fra Tonje Brodering i Bergen, der var det kjempe god service og informasjon når eg ringde til dei. Og i dag ca 11.30, vart den levert på døra til meg her i Ørsta 🙂 Raskt levert av Posten. No skal eg kose meg og verte kjend med den, før eg begir meg ut på noke større syprosjekt.

Published in: on april 2, 2008 at 21:48  Comments (11)  

Ei veske til. Another bag.

Eg har sydd ei veske til, lik den eg sydde til Lisje Snuppa. Denne skal veninda til Lisje Snuppa ha.  

I have sewed another bag. This one shall a friend of my daughter have.

Published in: on april 1, 2008 at 8:23  Comments (2)