Eit par strømper.

Vart ikkje heilt fornøgd med dette paret. Det var stor fargeforskjell og mønsteret vart ulikt på begge to. Men pysj pytt… Strikka i Viking garn, TåOpp, på pinne nr 4.

IMG_0430

Published in: on mars 18, 2011 at 13:07  Comments (4)  

Gult garn til Påske.

13 stk gule Cortina soft 100% ull, pinne nr 8 og 11 stk Vestlandsgarn 100% ull, pinne nr 3,5-4 til sals. Garnet er supert å tove  Smilefjes

Cortina soft, kr 10,- pr 50 gram + porto. SOLGT

Vestlandsgarn, kr 8,- pr 50 gram + porto.

Send ein mail om du er interessert: ellinor.kvammen(at)tussa.com

IMG_0416

Published in: on mars 8, 2011 at 11:54  Legg igjen en kommentar  

Selbuvottar.

Held no på med ein retrogenser som er ei bestilling. Innimellom genserstrikkinga, må eg ha noke enklare å styre med. Derfor har det vorte eit par selbuvottar til.

IMG_0411

Published in: on mars 1, 2011 at 22:22  Comments (3)  

Selbuvottar.

Nok eit par Selbuvottar str 3-5 år. 100% rein ull.

IMG_0407

Published in: on februar 18, 2011 at 11:29  Comments (2)  

Selbuvottar.

Har strikka 2 par Selbuvottar i 100% ull. Eit par til dame og eit par str 3-5 år. Vottane er til salgs, 250,- for barneparet og 300,- for vottane til voksen.

IMG_0406

Published in: on februar 14, 2011 at 12:25  Comments (1)  

KvikkLunsjLuer

Har strikka 3 luer til. Dei er strikka i Superwash Sport frå Gjestal på pinne 3,5 og 4. Luene er til sals for 250,- pr stk. Kan også leverast med dusk om ønskelig.

IMG_0396

Published in: on februar 7, 2011 at 11:19  Comments (6)  

Monsterbukse.

Har strikka ei såkalla Monsterbukse i str 2-3 år i Silja Superwash. Oppskrift finner du HER på Gjestal sine sider.

IMG_0393

Published in: on februar 1, 2011 at 12:36  Comments (5)  

Litt ymse.

Har strikka Marius med rundfelling, str 1 1/2- 2 år i Limbo, superwash.

IMG_0021

Sjalet Chinook Scarf (Ravelry link) er strikka i Sisu på pinne nr 4. Her skulle det være glattstrikk, men eg valgte riller. Er kjempe fornøgd med sjalet, spesielt kanten oppe og måten den er strikka på.

IMG_0018

 IMG_0019

Så strikka eg sjalet 198 yds of heaven (Ravelry link) også i Sisu på pinne nr 4, men du verden dette vart knøttlite. Hadde nok valgt feil garn og pinnar.. Hadde ikkje hjelpt å nytte agressiv blokking heller, trur eg…

IMG_0009

Var ein tur på Eid og kjøpte krympestoff, som måtte testast ut, og eg laga dette hjertet i gave til ei kjempe kjekke maskedame.

IMG_0020 

Om nokre timar set eg kursen sørover til sol og varme. Første stopp er Sas Gardermoen hotell i natt, så går turen til Kreta i morgon tidlig klokka 06.20. Skal verte kjempe godt med ei veke med soling og avslapping.

Kos dokke og ha ei fine helg og veke 🙂 Klem.

man knit

Published in: on august 21, 2010 at 12:42  Comments (6)  

Det Royale sjal.

Har strikka eit babysvøp til, også denne gangen i Tynn Fotrama på pinne nr 4 fra Pinnsvin Design. Teppet måler 120×120, og er bare heilt nydelig. HER er oppskrifta, om du skulle falle for fristelsen.

IMG_0023

 

Published in: on august 21, 2010 at 12:17  Comments (2)  

Litt sommarproduksjon, og litt ymse.

Har ikkje hatt den heilt store gnisten no etter eg la ned Garnkroken. Men den kjem nok snart tilbake.

Har fortsatt GARNSALG (trykk på linken for å kome til innlegget). BOKA Mauds Hjerte er fortsatt 99,- + 25 i porto 🙂

Har strikka eit par sjal. For bestilling, send mail til ellinor.kvammen(at)tussa.com

Traveling Woman, strikka i Handfarga Tynn Alpakka frå DSA.

TIL SALGS, 300,-

IMG_0574

Multnomah, strikka i Fotrama, tynn Alpakka. Takker Synnøve for norsk oversetting.

TIL SALGS 300,-

IMG_0575

Dette sjalet skal døtra mi ha. Strikka i Tynn Alpakka fra DSA.

IMG_0576

Så har eg strikka ei jakke i Algarve Grande, bomull, mønster fra Garnstudio. Dette var ei bestilling.

IMG_0573

IMG_0572Eit par klutar til Ida, ho tok ut garnet sjøl da vi var på Tjorven. Strikka i  Muskat på pinne nr 4.

Mønster: Legg opp 47 masker på pinne nr 4.

1.omg. Strikk *3 rett, 1 vrang*  avslutt med 3 rett, snu.

2.omg. Strikk 1 rett, *1 vrang, 3 rett* avslutt med 3 rett, snu.

Gjenta omg 1 og 2 så langt du ønsker eller til nøste er tomt.

Du kan bruke det garnet du vil og den pinnestørrelsen du vil, legg opp så mange du ønsker. Pass på at den midterste rette av dei 3 rette på 1. omg, vert 1 vrang på 2. omg.

IMG_0577

Hadde kjempe koselig besøk av 2 av mine kjære barndomsveninder, og eg fikk kjempe fine gåver. Tusen takk jenter.

IMG_0566

IMG_0567 

IMG_0568IMG_0569

Har også vore ein liten tur til Oslo og sett den flotte leiligheta til Ida og Johan. Vi var der i 3 dagar, og bærre kosa oss og var urbane.

P1020557

P1020563

P1020561

P1020564

P1020541      P1020547

No fyller eg dagane med strikking og så har eg begynt å lese Øya. Ei fantastisk bok som eg anbefalar alle å lese.

Ynskjer alle ein fortsatt fin sommar 🙂

knitting-ripleys