Baltasar og julekuler.

Har strikka 3 julekuler fra boka til Arne og Carlos. Det vert sikkert fleire kuler etter kvart, men som kjent så er ikkje alltid tålmodigheita mi på topp…

IMG_0264

Ein klok mann, eller ein av dei 3 Vise Menn. Baltasar skal nok få selskap av Melkior og Kaspar etterkvart 🙂

IMG_0261

IMG_0262

Published in: on november 15, 2010 at 20:39  Comments (3)  

Ei lita oppdatering.

No er eg ferdig med ein Mariusgensar til. Denne gang i lyseblått, offwhite og lysgrå, strikka i Superwash Sport fra Gjestal på pinne 3 1/2 og 4.

P1020403

Eg har strikka 2 Påskeharar i Cortina, syns dei vart litt søte. Oppskrifta har eg funne her.

Før og

P1020399

etter toving.

P1020404

Klutar hadde eg egentlig bestemt meg for ikkje å strikke på ei stund, men det har vorte 2 stk og ein til er på pinnane. Greit å ty til inni mellom.

P1020408

I dag har eg ferdigstilt Hekseliv- duken min, sydd lukkekant og brodert ansikt. Manglar fortsatt litt applikering, men det får verte til ein annan gong. Duken har kome på bordet og eg synes den er kjempe fin.

P1020406

P1020407

No held eg på å strikke Kalvågjakka. Kjempe fin jakke i nydelige fargar.

P1020409

Ynskjer alle ei God Påske, med eller utan handarbeid, eg har mange planar og prosjekt på gang.

Published in: on mars 28, 2010 at 18:24  Comments (11)  

Tova votta.

No er eg ferdig med begge para i Kit nr 13 fra Sandnes. Hadde ikkje nok av garnet til paret i Fritidsgarn, men eg hadde ein rest som eg brukte under oppbretten.Sandnes er kontakta ang dette, så får vi sjå om dei endrar oppskrifta si. Dei er strikka på pinne nr 6, medan paret i Tove er strikka på pinne nr 4. Her var det nok garn.

Før toving

etter toving.

Published in: on februar 1, 2009 at 13:28  Comments (12)  

Katten Pus.

Det som mange i går trudde kanskje var tekannevarmar eg strikka er no ferdig, og heiter Katten Pus. Og det er ikkje tekannevarmar, men en litt fantete kattepus. Kan ikkje skryte av at eg er så flink å brodere, så ansiktet vart litt rart… Men han er da litt søt også….. Oppskrifta har eg kjøpt HER. Eg har strikka han i Rosendahl på pinne nr 7.

Slik såg han ut før han fikk nokre runder i vaskemaskina, og deretter montert.

Published in: on januar 3, 2009 at 18:21  Comments (22)  

Mitered Mittens.

No har eg også strikka eit par av desse vottane, fra boka til Elizabeth Zimmermann, Knitters Almanac. Men eg er ikkje fornøgd med dei, så eg kjem garantert ikkje til å strikke fleir. Dei er strikka i lilla Fritidsgarn på pinne nr 5, og tova på 60 grader i maskina. Bilda er av vottane før og etter toving.

 

Så har eg strikka ei lue til settet eg strikka tidligare. Vart ikkje heilt fornøgd med størrelsen på den første, men denne vart ikkje så mykje større enn den andre… Jaja, håper den passer.

Published in: on oktober 7, 2008 at 15:14  Comments (11)  

Tova sitteunderlag. Felting.

Eg har testa ut litt toving. Skal ha Juleverksted på jobben, og Ungdomsskuleelevane skal tove Sitteunderlag og mus. Eg har ansvaret for denne gruppa og måtte da sjølvsagt teste ut dette på førehand. Eg brukte ei langpanne som eg hadde tyll i botnen og la ulla lagvis før eg begynte å tove.  Det tova seg veldig godt, men det var endel arbeid med det.

I shall have Christmas workshop at the School I work. And the students shall felt this thing to sit on when they are outside on mountai trip.

Så tova eg denne brikka, kanskje det blir et bilde…

Published in: on desember 10, 2007 at 21:59  Legg igjen en kommentar  

Nisser som har vaska seg. Santa Claus has been washed.

 

Da er endelig Nissane mine ferdig vaska og stuffa. Eg hadde laga nokre Nissar før eg meldte meg på Alongen, og resten har eg laga no. Har ikkje heilt bestemt meg for om dei skal ha auger eller ikkje. Syns egntlig dei er finast utan. Totalt har eg no laga 26 små, 8 medium og 1 stor. Det var fryktelig vanskelig å få tatt et skikkelig gruppebilde av denne gjengen, for dei sto fryktelig urolig under foto- seansen…

Now my Santa Claus are finished. Totally I have made 26 small, 8 medium and 1 large.

Dette er bidraget mitt til alongen.

Desse hadde eg fra før.

Og her er alle samla.

Published in: on november 26, 2007 at 19:24  Comments (12)  

Siste bidrag til Påskealongen.

No er alle Hyllehønene, kyllingane og Henriettanene ferdige. Totalt vart det 7 Henrietta ( ei vart kalla Pricillia) 6 Hyllehøner og 5 kyllingar. Så no vert det ikkje fleir før til neste Påske 🙂 Her sitter dei på verandaen og nyter ettermiddags sola, fryktelig som dei kakklar der ute…

Published in: on mars 23, 2007 at 17:22  Comments (4)  

Uff, kvar vart det av kreativiteten min da?

 Ja no har eg grubla litt. Kom ikkje på noke veldig kreativt, det blir ei Henrietta til… Har litt som skal tovast, så eg lagar ei Henrietta eller to til.

Published in: on mars 14, 2007 at 9:21  Legg igjen en kommentar  

Hønsegården.

Her har Henrietta fått selskap av sine 3 søstre og 4 kyllingar.

Published in: on mars 12, 2007 at 14:31  Comments (5)