Ynskjer 2014 velkomen med ein mariusgensar på pinnane, nydelige roser fra min kjære, glad for at Ida mi er vel heime i Oslo og kjempe klar for nye opplevingar og utfordringar 🙂
På tide med ei lita oppdatering!
Kvar har lysta til å blogge blitt av? Dette vert ei oppdatering fra i fjor. Ting har tatt tid, men no ser det ut til at 2013 kan bli eit godt år, det har starta godt ijaffall…. ❤
Har vorte nokre tura og mange nye kjekke opplevingar i november og desember 2012 også.
Var ein tur til Førde og besøkte mi kjære gode veninde Laila.
Når eg kom fram, fikk eg servert garnprodusenten min til middag, skrekk og gru, men det var faktisk ganske godt 🙂
Vi var stadig på farten, alt fra tur i skogen med grilling av pølser til båttur til Svanøy.
Her nokre bilder fra Eika, øya der Eiksundtunellen kjem ut.
Den 19.november 2012, reiste 5 damer på garnshopping til Kjøpenhavn. Vi tok Danskebåten fra Oslo.
Måtte invistere i nye pinner 🙂
Garnsnoping 🙂
Har strikka eit Kaána sjal i merinoull.
Hals til Ida.
Hals til Johan, strikka i dobbel babyull.
Selbuvottar til Ida.
Nokre klutar har eg også fått strikka.
Fikk bestilling på Strømsgodset lue, strikka også eit par strømper i SIF fargar.
Tradisjonen tro, har PikeneMedStrikkepinnePinnane hatt julebord, denne gangen heime hjå meg.
Julafta feira eg, Ida og Andreas hjå mamma og pappa i Volda.
Eg fikk den store ære og glede av å få være nisse hjå naboane, men det vart nissemora som kom på besøk.
No er vi godt i gang me 2013, på pinnane har eg litt ymse, turar har det vorte og fleir skal det bli….. Spanandes kva som skjer vidare no ❤

Garnlykke.
I dag kom 4 hesper Cascade, som etterkvart skal bli til Arleen.
Så har eg hatt en fine tur til Bjønnaskaret. Godt å få en tur etter et par nattevakter.

Ei lita oppdatering.
På strikkefronten held eg på med litt ymse samstundes som vanlig. Kjolen Cecilia har eg no kome halvvegs på. Etter å ha rekt opp eit par gongar, det viste seg at den er ganske stor i størrelsen og eg må ha small.
Så held eg på å samstrikke med Ninne, og Ninne er ferdig.
Etter at eg slutta å røyke 1. mars 2012, har formen stadig vore stigandes, og det er kjekt å ta seg små fjellturar i nærområde.
2. pinsedag, reiste vi ein tur ut på Sandsøya, gjekk på ein liten fjelltopp, med enorm flott utsikt.
Her er det utsikt mot Runde.
Utsikt mot Stadt.
Har hatt Ida heime nokre dagar .også, da tok vi turen til Lidaveten.
Så var eg ein tur på Helgehornet.
Lidaveten sett fra Helgehornet.
På fredag var PikeneMedStrikkepinnePinnane påmeldt Jentebølgen. Over 500 damer var påmeldt, kjekt.
Torill gjekk raskt opp i ledelsen
Her er Pikene i mål, takker for turen Piker, ditte var kjekt.
WWKIP 9.juni deltok eg på mitt vis. Fann meg ein fjelltopp og strikka der. Kom tilfeldigvis ein kar gåandes og der sat eg å strikka. Han syns sikkert eg var kjempe rar, men ville gjerne ta bilde av meg.
Mauds Hjerte har fått eiga side på Facebook, her er du hjartans velkommen inn om du vil

Ei lita oppdatering.
Eg har hatt besøk av snille søte kjekke gode Ninne fra torsdag til mandag. Vi har strikka, garnshoppa, skravla og vore på sightseeiing rundt omkring. Vi har vore kjempe heldige med veret desse dagane ho har vore her.
Her er vi på Flø.
Eg, Ninne, Linda og Karla byrja samstundes å strikke på dette teppet i Karisma.
Tusen hjartans takk for besøket Ninne, det har vore kjempe kjekt å ha besøk av deg. Håper vi snarlig sjåast att ❤
I dag har eg og Linda vore på “hyttetur”. Ingen av oss eig hytta, men vi følte oss som heime alikavel. Men så kom dei som eigde hytta… men vi fikk lov å sitte der, vi fikk til og med sjå kor den såg ut inne. Dette er servicehytta til Standal Alpehytter.

Kjøkkenklutar.
Den 1. mars 2012 klokka 08.00, tok eg eit alvorlig oppgjer med meg sjøl, og tok avskjed med ein kjær (u)venn eg har hatt i over 30 år. Det har gått overaskandes bra, og eg har no holdt opp i 18 dagar og 4 timar.
Sidan eg er litt rastlaus for tida, får eg rydda litt i skuffer og skap. Fann ut at eg måtte ha meg nokre nye kjøkkenklutar. Strikka med dobbelt garn i Bambino bomull på pinne nr 4,5.

Strikkeblogger.no
Har meldt meg inn i Strikkeblogger.no
Strikkeblogger.no er ditt samlingspunkt for strikkeblogging! Her vil du finne alle dine favoritter – samlet på en plass. Inspirasjon, oppskrifter, bilder – generelt mye strikkeglede!
Ellers

Bloggjubileum.
Hadde nesten heilt gløymt at bloggen min har hatt bursdag. Den 30. Januar 2007 hadde eg det første blog innlegget i denne bloggen. Så da er bloggen min faktisk 5 år i desse dagar 🙂 Tusen takk til deg som titter innom og velkommen tilbake.

Siste dagen i 2011.
På tide med ei lita oppdatering siste dagen i 2011.
Vi har hatt ei fin og rolig jul, Ida var heime til 29.desember. Ho har vore kjempe flink å strikka 2 luer + ein hals. Kjempe kos når mor og datter satt å strikka saman.
Her er ei av dei 2 luene ho strikka, *stolt*.
Eg strikka eit par korte lesta til Ida i Nepal. Oppskrifta er HER.
Ei lue til mammaen til Johan vart det også. Strikka i Karisma, og oppskrifta finner du HER.
Ei lue i dobbel Topp`t Tå.
Enda ei lue, denne gangen i Silja.
Eit par vottar, som skal tovast. Strikka i Vamse garn fra Rauma.
Så har eg fått kalendargave fra kjæraste bestevennen Kristina ❤
Eg hadde laga kalendar til Ida, i den hadde eg ein engel som eg kjøpte i Volda i november. Av alle ting på denne jord, hadde Ida kjøpt akkurat den samme engelen til meg i julegave. Vi vart like paffe begge to når vi såg at vi hadde kjøpt det samme til kvarandre ❤
Som kanskje noken har observert, har eg gått laus på restegarnet mitt til dei fleste prosjekta. No held eg på med desse Regnbuelestane, fra Hillesvåg i restegarn.
1. juledag kom Dagmar fykandes og tok straumen på kvelden hos oss nokre timar. Men det hindra meg ikkje i strikkinga
Til slutt vil eg ynskje dykk eit riktig Godt Nyttår, og velkommen tilbake neste år.

4. søndag i advent.
Vi tenner fire lys i kveld og lar dem brenne ned,
For lengsel, glede, håp og fred, men mest allikevel for fred
på denne lille jord, hvor menneskene bor.
