Mai sokken Projo sin sokke/ vottealong. Strikka i Fjell på pinne nr 4.
Kjøkkenklut/ tvåge.
Har strikka 2 klutar i Marks & Kattens, Victoria, 100% bomull, ca 82 m på 50 gr, pinne nr 4. Mjuke og gode 🙂
Du kan bruke det garnet du vil.
Eg har lagt opp 48 + 1, (delelig med 3 + 1).
1. Omg Ta 1 laus av strikkevegen, *3 vrang, 1 rett* ut omg, snu
2. Omg Ta 1 laus av vrang, * 3 rett, 1 vrang* ut omg, snu
3. Omg Ta 1 laus av strikkevegen, strikk rett ut omg, snu
4. Omg Ta 1 laus av vrang, strikk vrang ut omg. Gjenta omg 1-4 så langt du vil, eller til nøstet er tomt 🙂
Bunadstrømper til å mødast av.
Strikka i veg første paret samstundes på ein pinne. Kom ca halvegs og oppdaga ein feil. Måtte rekke opp, for så å strikke vidare, og greide å strikke feil både ein og to og tre ganger til. Det hadde flytta inn eit troll av eit monster i dette paret. Forbant meg på å aldri strikke slike strømper nokon sinne ein einaste gang meir i mitt liv. Inntil ho som hadde bestilt dei, pent spurte om eg kunne strikke eit par til. Tok meg kraftig sammen og fikk begge para ferdig 🙂 strikka i babyull på pinne nr 3.