Mai sokken Projo sin sokke/ vottealong. Strikka i Fjell på pinne nr 4.
Kjole.
Ei bestilling på babykjole. Strikka i Drops merino på pinne nr 4. Drops mønster18-9. Manglar 2 knappar 🙂

Kjøkkenklut/ tvåge.
Har strikka 2 klutar i Marks & Kattens, Victoria, 100% bomull, ca 82 m på 50 gr, pinne nr 4. Mjuke og gode 🙂
Du kan bruke det garnet du vil.
Eg har lagt opp 48 + 1, (delelig med 3 + 1).
1. Omg Ta 1 laus av strikkevegen, *3 vrang, 1 rett* ut omg, snu
2. Omg Ta 1 laus av vrang, * 3 rett, 1 vrang* ut omg, snu
3. Omg Ta 1 laus av strikkevegen, strikk rett ut omg, snu
4. Omg Ta 1 laus av vrang, strikk vrang ut omg. Gjenta omg 1-4 så langt du vil, eller til nøstet er tomt 🙂

Bunadstrømper til å mødast av.
Strikka i veg første paret samstundes på ein pinne. Kom ca halvegs og oppdaga ein feil. Måtte rekke opp, for så å strikke vidare, og greide å strikke feil både ein og to og tre ganger til. Det hadde flytta inn eit troll av eit monster i dette paret. Forbant meg på å aldri strikke slike strømper nokon sinne ein einaste gang meir i mitt liv. Inntil ho som hadde bestilt dei, pent spurte om eg kunne strikke eit par til. Tok meg kraftig sammen og fikk begge para ferdig 🙂 strikka i babyull på pinne nr 3.

Bird Cherry.
Marssokkene i Projo votte-sokkealong er Bird Cherry. For første gang strikka begge 2 samtidig i magic loop. Har ikkje heilt hatt trua på å strikke på denne måten, men knakk koden og er hekta 🙂 Dei er strikka i Perfect på pinne nr 3,5 str 39.

Snartur til Tyskland, Danmark og Sverige.
Forge veke var eg på en svipptur, der eg også fikk snopa litt garn.
I flensburg fann eg kjempe billig Hot Sock.
Og i Ribe, på Ribe’s Broderi og Strikk fann eg nokre små nøster som fikk vere med heim.

Nye pinner.
Har bestilt Signature Needle pinner fra USA. Ei lita belønning til meg sjølv, som har vore kjempe flink å slutta å røyke! Har holdt opp i 18 dagar, og det går faktisk kjempe bra 😊
Pinnane er kjempe gode å strikke med, og eg er kjempe fornøgd 😊

Mariusgenser.
Ferdig med ein Mariusgenser til. Har berre sånn ca 5 til på lista mi. Denne er strikka i smart, M herre.
