Morsdag.

Ja så har vi feira både mamma og svigermor. Begge fikk kvar sitt par med pulsvarmere. Annonserte at frøkna skulle ha dei første, men sidan mamma er innom her avogtil, måtte eg lure ho. Svigermor fikk dette paret, strikka i Inca Alpakka frå Rauma Ullvarefabrikk. Det er lilla perler på, som ikkje visast så godt på bildet. Ganske morsomt å strikke dei, men det tek tid, på pinne nr 2 og 720 perler totalt. Oppskrifta er fortsatt Nitus sin.

Pulsvarmere

Published in: on februar 11, 2007 at 21:40  Comments (2)